Eit projekt om forfattarmuseum i endring

Om TRAUM – Forfattermuseum i endring

Vi tenkjer ofte på forfattarmuseum som stader for gamaldags hylling av nasjonale heltar, eller berre for fans. Ein finn ofte musea i det som ein gong var ein heim og freistar å formidle ein spesiell aura kring staden og forfattarens tidlegare eigedelar. Fortel dei oss eigentleg noko om verket til forfattaren, spør vi? Kvifor får somme forfattarar eit museum, og andre ikkje?

Men forfattarmuseum er i endring i takt med endringane i korleis vi tenkjer på forfattarar og litteratur. Dette prosjektet spør korleis dei endrar seg og korleis dei kan bli i framtida. Korleis kan forfattarmusea gje oss ei betre forståing ikkje berre av livet til ein forfattar, men også skapingsprosessen, litteraturen si rolle, eller (ikkje minst) tekstane til forfattaren? I ei tid som er prega av kulturelt mangfald, korleis bidreg dei til å skape nye typar kulturell identitet? Korleis kan dei bidra til utviklinga av litteraturens rolle i demokratiske samfunn i dag?

Dette forskingsprosjektet bringar saman teoretisk og praktisk ekspertise i litteratur, historie, museum og turisme. Det skal undersøkje korleis forfattarmuseum tek opp nye måtar å tenkje kring kultur, litteratur og utstillingar. Korleis har rolla til forfattarmuseum vore når det gjeld å skape kulturell identitet og debatt? Har dei teke i bruk eller kunne dei ta i bruk innovative løysingar med omsyn til framstilling av liv og litteratur? Kvifor vitjar folk forfattarmuseum i dag? Kan forfattarmuseum lære av andre måtar litteratur blir utstilt på, og frå nye utstillingsformer generelt?

Ein arbeidshypotese er at svara på desse spørsmåla ligg i måten forfattarmusea koplar saman verkelege og litterære rom, tekstar, objekt og lesarar. Med dette i tankane undersøkjer prosjektet både nynorsk- og bokmålsforfattarar, og både regionale, nasjonale (i Noreg) og internasjonale døme. Målet er også å gje innsikt i litteraturens og humanioras rolle i dagens samfunn.